Danger Sign
• No signs observed • Område: I denne fjellsida. Skildring: Lite sikt på turen.
Weather
• Snow • -8.2 °C • 2 m/s from NW ↘ • 100% clouds • Minusgrader til fjorden, snøa tett timelegare i dag. Lite vind.
Snow Cover
• 150 cm • No snowdrift • 15 cm • Elevation of new snow 0 masl. Snow line at 0 masl • Very much loose snow (>30cm) • Dry • Det har snøa til fjorden dei siste dagane. I overflata er det +/- 30 cm med mjuk DF frå fjorden og opp til over 1200moh, som var høgda eg snudde ved i dag. Opp til ca 300moh ligg desse 30 cm meir eller mindre direkte på bar bakke. Over 300moh og oppover ligg dei samme 30cm med DF på skare som vart danna i forrige veke. Det har vore noko vind som har flytta snø inn i skjerma formasjonar mot aust. Der dette har skjedd er det meir snø oppå skaren, men fortsatt er snøen på overflata mjuk. Enkelte stader har det danna seg mjuke flak som berre sprekk opp lokalt rundt skia.
Fann også begynnande kant under tynn porøs skare, på ein kulformasjon der snødekket er tynt. Ser ikkje på dette som eit problem, sidan denne skaren stort sett er bærande dei fleste andre stader enn på kular, der snødekket er tynt.
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • Easy to trigger • 1 - Small • Few steep slopes NE, E, SE above 800 masl
Avalanche Danger Assessment
• Det eg gjekk på tur i dag har det ikkje vore nok vind til å danne flak som kan gi størrelse 1 skred. Sjølv om snøoverflata stort sett består av DF over skaren, er dette laget så mjukt og sprekk berre opp lokalt rundt skia. • Meir snø i vente dei neste dagane. Dette vil gi ferske flak som treng tid til å stabelisera seg, sidan temperaturen er låg. • 1 Low • Forecast correct • Skredproblem og faregrad er basert på situasjonen som var når eg var ute på tur. Eg er litt usikker på om det har vore nok vind, fram til då eg var ute på tur, til at det kan gå størrelse to skred som er lette å løysa ut. Der det eventuelt kan gå str 2 skred, tenker eg at desse er vanskelege å løysa ut. Men det kan jo hende det har vore meir vind i regionen enn der eg gjekk i dag. Ser på vervarselet at det skal blåse seinare i dag, då er det meir truleg at det kan dannast flak som kan gi str to skred, derfor set eg varsla faregrad som rett, sjølv om mitt skredproblem gir fg 1.